Du er her
Hjem > Kultur > Poietikk > VI SKAL IKKJE SOVA

VI SKAL IKKJE SOVA

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
Ho er for ljos til det —
Då skal vi vandra isaman ute
under dei lauvtunge tre.

Då skal vi vandra isaman ute
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta
som krusar med dogg vårt hår.

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppspelet i eng
men vandra i lag under bleikblåe himlen
til fuglane lyfter veng.

– Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera isaman
like til morgongry.

  Aslaug Låstad Lygre,
  Frå ‘Eld av steinar’, 1948

Jo Selsjord
Jo Selsjord
Nesoddinnvandrer fra omkring 1980; ydmyk og stolt amatør i det meste; evig interessert kverulant for Nesoddens mulige fremgang.

Legg igjen en kommentar

Top
%d bloggere liker dette: