Du er her
Hjem > Kultur > Poietikk > EG TRØR PÅ DEG, JORD

EG TRØR PÅ DEG, JORD

Eg trør på deg, jord,
og du ris upp mot meg
og du slær
med all den smerte, den urettferd
som er til under soli.

Eg spring på deg, jord!  Og eg dansar!
og du lokkar med lykkestader,
ande, svalande vind, drykk
vill timian i solhaddir
og svevnen i blå nettar.

Eg trampar på deg, jord!
eg vil deg, vil deg!
eg vil at din morgon skal vera min —

Eg rører ved deg, jord —
du svalar min panne, stydjer mine kne —
— Ved solefall er eg Din!

  Aslaug Vaa
  frå ‘Skjenkarsveinens visur’, 1954

Jo Selsjord
Jo Selsjord
Nesoddinnvandrer fra omkring 1980; ydmyk og stolt amatør i det meste; evig interessert kverulant for Nesoddens mulige fremgang.

Legg igjen en kommentar

Top
%d bloggere liker dette: