Eg trer inn mellom dei fire veggane
som i ein hage.
Ho sit bak ein tynn vegg,
skriv dikta sine i det minste rommet.
Kvite svaner jaktar i bylgjene,
det er vinter,
vi forlèt sjøen,
går inn denne porten.
Eg tenker på henne no,
når det einaste som skil draumen frå røynda
er den jamne straumen av vatn over muren.
Hildegunn Dale (frå ‘Elvedraumar’, 2004)