Du er her
Hjem > Kultur > Poietikk > SJÅAREN

SJÅAREN

Dette innlegg er eldre enn 5 år og kan være utdatert.
Jorda, sa du, må følgje sin veg,
om grasvorden gror i kvart menneskjesteg,

Livet, sa du, ska’ alder tå slut,
eit frø ska’ bli att, og ein blom springe ut.

Dauden, sa du, er haustmannen vår,
men ingen ska’ vite kor vegen hans går.

Menneskja, sa du, kan alder bli fri,
når dei bind seg til træl av ei jagande tid.

Om æva, sa du, spør ikkje meg.
Der lyt kvar einaste velje sin veg.

Freden, sa du, saknar du han?
Du finn han i skogom i ingenmannsland.

Astrid Krog Halse, frå ‘Gull over gråstein’, 1966

AvatarAvatar
Bjarne Nordbeck
Frihetlig samfunnsaktør og ansvarlig redaktør.

Legg igjen en kommentar

Top
%d bloggere liker dette: