Med’ skogen tek
dei mange ord
og svævar dei i blund
ein drope dogg
ber jordis saft
til nattfiolens munn
Ei hond av nott
eit hjartas bod
legg meg i jordis fang
Å Fader vår
du som er jord,
lær meg din viljes gang!
Aslaug Vaa
frå ‘Skjenkarsveinens visur’, 1954