Du er her
Hjem > Forsiden > Ta lærdom av andre før oss!

Ta lærdom av andre før oss!

Når vi sundag 12. juni skal røysta om Nesodden skal halda fram som eigen kommune, kan det vera lærdom å henta frå vårt broderfolk i sør. Danmark var gjennom ei tilsvarande samanslåing av kommunar i 2007, 271 kommunar blei reduserte til 98, 173 fall bort.

2000 folkevalde blei fjerna, og avløyst av 3000 byråkratar. Etter som desse skulle ha høg løn, auka administrasjonsutgiftene med vel 1000 milliardar danske kroner.

Dei folkevalde vi har nå, som vi kan freista påverka til brøyting av velvegane eller til lækjarvakt, vil bli borte eller utaføre vår rekkevidde. Nesodden vil berre få 13 prosent av dei folkevalde i Follo, eller 2 prosent i Oslo. Farvel til lækjarvakt og brøyting for godt?

100 av 173 danske folkeboksamlingar blei vekke. Fint for alle dei smårollingane som nå går på biblioteket, og som i storkommunen må nytta to bussar med overgang for å gå på biblioteket.

400 skular eller 20 prosent av alle blei lagt ned, og 10 prosent av lærarane blei fjerna, og elevane bussa saman til overfylte sentralskular med redusert lærartettleik. Kva då med Nesoddens heimlege, desentraliserte struktur?

Avfolking, jobbtap, stagnasjon og berre 1,9% produktivitetsvekst dei nær 10 åra etter kommunereforma. Vil jolenissen gje oss betre økonomi etter kommunereforma?

Folk som må lita på hjelp frå NAV får dei same to bussane til Ski, etter som norske reglar berre vil ha eit NAV- kontor i kvar kommune, alle dei kommunane som Schei- komiteen slo saman i 1962 mista NAV- kontoret sitt (med Oslo som einaste unntak.)

Alle utgreiingar syner at stordriftsfordelane er tekne ut ved 15 – 20 000 innbuarar, og der ligg Nesodden som tilhøyrer den folkerikaste sjuandedelen av norske kommunar. Sjølv Sanners økonomiske straffetiltak vil ikkje utgjera meir enn 2 promille av budsjettet vårt.

Deretter overtek stordriftsulempene. Oslo har landets dårlegaste eldreomsorg og sosialstell. To bøker av sosionom og stortingsmann Erling Folkvord, ”Rapport frå rottereiret” (1990, ligg gratis på internett) og ”Vår korrupte hovedstad” (Tanum 2011, e-bok 2013) fortel mykje om livet i store kommunar og bør lesast av alle som vil ha store og
robuste kommunar.

Større kommunar kan vera bra for Alaris og andre som vil ha private sugerør ned i større kommunekasser. Blir vi del av Oslo blir vi ein jomfrueleg tomtereserve 5 km. køfritt frå Oslo Rådhus, og spørsmålet blir om det er 30 000 eller 300 000 nye innbuarar vi får i friareala og åkrane våre. Så om du har tomteareal å spekulera i, eller tilhøyrer dei kreftene Folkvord åtvarar mot, kan du bli rikare. Vil du trivast betre som passiv konsument av ferdigtygde diktat frå byråkratar for ”robuste” til å høyra på deg, eller vil du trivast betre som aktivt skapande samfunnsborgar?

Magnus Robberstad

Legg igjen en kommentar

Top
%d bloggere liker dette: