Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.
Dette er DIN veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.
Olav Håkonson Hauge
(Frå ‘Under bergfallet’, 1951)