Du er her
Hjem > Kultur > Poietikk > AZTEKAR-KALENDER

AZTEKAR-KALENDER

Dette innlegg er eldre enn 4 år og kan være utdatert.

Solstein, slyngt ut av sin himmelbane,
ein heilag klode, ein meteor
mot jorda si panne, sirkel på sirkel
lik ringar i rommet, ringar av tid,

ei gåte fanga i form, ein magisk
formel for lys, og lys fortært
av tiger og vind, eldregn og vatn,
for dag og natt er i evig strid,

og sol får kraft frå menneskehjarta,
rødt er blodet og rød er sol
når strålana drep alle bleike stjerner
og dagen stig opp av si mørke grav,

Solstein, lysande tunge teikn,
livets og dødens evige hjul
med dette eine tidlause kravet:
gjer lyset *eit hjarta større* enn før …!

 Åse-Marie Nesse, frå ‘Solstein’, 1976

AvatarAvatar
Bjarne Nordbeck
Frihetlig samfunnsaktør og ansvarlig redaktør.

Legg igjen en kommentar

AZTEKAR-KALENDER

Dette innlegg er eldre enn 4 år og kan være utdatert.

Solstein, slyngt ut av sin himmelbane,
ein heilag klode, ein meteor
mot jorda si panne, sirkel på sirkel
lik ringar i rommet, ringar av tid,

ei gåte fanga i form, ein magisk
formel for lys, og lys fortært
av tiger og vind, eldregn og vatn,
for dag og natt er i evig strid,

og sol får kraft frå menneskehjarta,
rødt er blodet og rød er sol
når strålana drep alle bleike stjerner
og dagen stig opp av si mørke grav,

Solstein, lysande tunge teikn,
livets og dødens evige hjul
med dette eine tidlause kravet:
gjer lyset *eit hjarta større* enn før …!

 Åse-Marie Nesse, frå ‘Solstein’, 1976

Bjarne NordbeckBjarne Nordbeck
Bjarne Nordbeck
Fungerende redaktør, bidragsyter, frihetlig samfunnsaktør og web-master for Nesoddposten.

Legg igjen en kommentar

Top
%d bloggere liker dette: