Du er her
Hjem > Kultur > Poietikk > ORDTØKE

ORDTØKE

Dette innlegg er eldre enn 4 år og kan være utdatert.

Den som løyser, blir forløyst.
Den som bind, blir bunden.
Den som trøystar, skal få trøyst.
Den som finn, blir funnen.

Den som ikkje spør, får svar.
Den som vågar, vaknar.
Den som bed om det han har,
gløymer alt han saknar.

Den som gir og gir, blir rik.
Fattig den som sparer.
Kvelden er ei dagen lik.
Inga lykke varer.

Den som lever, ser så mangt.
Synd det er å sove.
Att og fram kan synast langt.
Livet er ei gåve.

  Åse-Marie Nesse
  frå ‘Nomadesongar’, 1978

Bjarne NordbeckBjarne Nordbeck
Bjarne Nordbeck
Fungerende redaktør, bidragsyter, frihetlig samfunnsaktør og web-master for Nesoddposten.

Legg igjen en kommentar

Top
%d bloggere liker dette: