Du er her
Hjem > Kultur > Poietikk > SYNG I STILLE MORGONSTUNDER

SYNG I STILLE MORGONSTUNDER

Dette innlegg er eldre enn 4 år og kan være utdatert.

Syng i stille Morgonstunder,
Syng Gud Fader Lov og Ros!
Sjaa, han gjerer nytt det Under:
Kallar fram or Myrkret Ljos!
Sjaa hans Sol all Skapning gylla,
Alt med Liv og Lovsong fylla,
Sjaa hans Kjærleiks Smil i Sky,
Sjaa kvar Dag hans Naade ny!

Gud si Sol lær dagleg renna
Yver alle utan Skil:
Deim, som vil hans Kjærleik kjenna,
Deim som ikkje vakna vil.
Alle vil han til seg draga,
Alt han veit so vel aa laga:
Gjenom Sol og Regn i Sky
Byd han oss sin Naade ny!

Lær oss, Gud, kvar Dag aa telja,
Sjaa, kor snøgt vaar Livsdag lid!
Lær oss Livsens Veg aa velja,
Medan det er enno Tid!
Enn i Dag du vil oss kalla,
Snart kan Myrker paa oss falla.
Lat oss, medan det er Dag,
Fylgja Andens Naadedrag!

Gud, som skapte Sol og Stjerna,
Deg me syngja Takk og Lov,
At um oss du vilde verna,
Medan me i Myrker sov!
Lys og leid oss, Ljosens Fader,
Til vaar Sol i Gravi glader,
Vekk oss so til Morgon ny,
Dag med Solskin utan Sky!

  Elias Blix, 1891

(https://www.youtube.com/watch?v=ZkI3WeGnIcw)

Bjarne NordbeckBjarne Nordbeck
Bjarne Nordbeck
Fungerende redaktør, bidragsyter, frihetlig samfunnsaktør og web-master for Nesoddposten.

Legg igjen en kommentar

Top
%d bloggere liker dette: