Du er her

SVERM

Dette innlegg er eldre enn 3 år og kan være utdatert.

Fullmoge gras legg støv kring hoftene
i det eg går over markene
mot den djupe hølen
der bjørka tøyer seg utover
kler eg meg naken og stig ut
spreier armar og føter
og flyt så stilt eg kan

Vatnet lepjar til seg grasfrø
løyser dei frå den bindande sveitten
sender dei ut i gylne striper på vassflata:
Krumme samlingar som driv med straumane
kvervlar langsamt i bakevjene

På land ligg ein blå handduk
falda ut under høg mjødurt
Den minste rørsle vinden gjev
vil sende det lyse mjølet ut
Ein augneblunkssverm gjennom lufta
som landar og legg seg djupt
inn i det blå stoffet som ventar
på å få slutte seg om kroppen

Eg flyt så stilt
Dette er det stillaste eg kan flyte

Øyra søkk under
ned i hjarteslag og andedrag
Elva si røyst går svalt kring meg
blandar seg med blodet sin rytme
pulsen sin varsame takt

Dette er lyden av ventnad
dette er lengten sitt todelte lydspor

Eg blundar og er eit foster
i det mjuke våte grenselandet
mellom ein og to

 Hilde Myklebust, frå ‘Søkk’, 2008

Bjarne NordbeckBjarne Nordbeck
Bjarne Nordbeck
Fungerende redaktør, bidragsyter, frihetlig samfunnsaktør og web-master for Nesoddposten.

Legg igjen en kommentar

Top
%d bloggere liker dette: