Å danse ein sommar
er ingen kunst
eit overmodig kast med nakken
virvlande takt
ein lengsel
som flagrar sin eigen blinde kurs
ikkje rør dei røde sko
lenger framme er vegen full av steinar
Å danse ein vinter
er ein annan dans –
i den store vintervalsen
er rytmen sakte voggande
som veldige vatn
foten trør ved sida av jorda
hjarta tikkar ungt
nesten urørt
David dansa i all sin velde
nokon dansar i all si avmakt
Åse-Marie Nesse
Frå ‘Vinterhuset’, 1981