Sjå treet i november
ribba for alt
berre røter og sanning
og veljelause greiner
lik utstrekte hender
utydelige i frostrøyk
ei skrift på usynlege vegger
fragment av eit urspråk
heilag, bodskapeleg
å, vi må lære å stave
tyde desse gåtefulle teikn
i lyset av vårt liv
før det mørknar
Åse Marie Nesse,
Frå ‘Vinterhuset’, 1981