Du er her
Hjem > Kultur > Poietikk > FJØSNISSENS FARVEL

FJØSNISSENS FARVEL

ei natt sit fjøsnissen i hagen
spelar munnharpe
lyden klør i øyregangane, tørkar ut
munnen, eg står opp
og drikk flatt vatn, går ut
harpelyden ligg som ein pendel
i nattevarmen, slår mot pulsen
fjøsnissen er ein stubbe på gelenderet
han balanserer ikkje, han har grodd fast

min kjæraste floke, min kjæraste kvervil, min kjæraste krull!
seier han, legg munnharpa
i handflata mi seier:
har myntar i lommene, har byen i nervane
politiet i hælane, bref, eg er gammal
og bister, je m`en vais

han gjer eit krumspring
og dett i koll, trillar ned bakkane
ei kruttønne forsvinn
gjennom parc de Belleville
no er det berre eg

>  Anna Kleiva, ‘Drikkeviser frå Paris’, 2016

(https://podtail.com/no/podcast/nrk-p2-bok-i-p2/anna-kleiva-med-drikkeviser-fra-paris-i-dikta/)

Jo Selsjord
Jo Selsjord
Nesoddinnvandrer fra omkring 1980; ydmyk og stolt amatør i det meste; evig interessert kverulant for Nesoddens mulige fremgang.

Legg igjen en kommentar

Top
%d bloggere liker dette: